
Så er det den tida på året igjen, når mørket legg seg over landet, og sola berre er eit skimt på himmelen. Vi tenner lys i vindauga og venter på solsnu.

Og når ungane kjem heim til jul, då blir det liv og gledje i stua, for mamma og for Sebastian.

Ventetida kan brukast til så mangt - med det beste er å vere saman med dei ein er glad i, og kanskje gå på kino med lillebror. Ingeborg teiknar julekalender, til gledje for alle dei som er på "Fjes-boka".
God ventetid til alle!