ein dag -
når stjernene har slutta å danse
når bekkane ikkje lenger ler
ein dag -
når vindane sluttar å syngje
då skal eg fortelje deg kvifor
men no -
no skal vi sjå stjernene lyse og
danse
vi skal la bekkane klukke og le
og kjenne at vinden bles
no skal vi leve
vi skal ikkje leite etter svara
vi kan ikkje endre på det som var
men vi kan leve det som kjem
- leve det som er
anne-lise
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar