onsdag 30. januar 2013

Stemmen slokna

Allehelgensdag er kvelden vi tenner lys for våre kjære. Då la eg ut eit dikt eg skreiv for nokre år sidan.

I dag fekk vi meldinga, Marit, vakre gode dyktige Marit er ikkje lengre blant oss. Og orda mine passar inn. Marit sin blogg der ho har fortalt om livet sitt, om oppturar, men flest nedturar, om livet sitt, og som eg har lese og gråte til i over eit år, er no stum - stemmen har slokna

Når eg er langt inne på fjellvidda
berre eg og den store himmelen
og mobilen er att heime
då er det stille

Når huset har roa seg for kvelden
og littjbane endeleg har sovna
for kolikkmagen har slutta å verke
då er det stille

Men då stemmen din
ikkje lenger kunne høyrast
for hjartet ditt hadde slutta å slå
Då vart det stille
- øyredøyvande stille