tirsdag 27. oktober 2015

Klokka skal flyttast tilbake…

Så var det den natta igjen, den natta der klokka skruas tilbake. Dagane blir enno mørkare, dei vakre fargane på haustlauvet er i ferd med å gå over til brunt og så sort, det regner, det er mørkt og trist ute. Det går mot november, den tristaste månaden i året. Snø og slaps, vått og kaldt – og mørkt, mørkare, mørkast.
 

Men julemarsipanen ligger i butikken, det fyrste sikre teiknet på at det blir jul i år og, difor smiler eg likevel. For meg er jula ein lysfest, midt i mørketida. Vissheita om at den ligg der og venter, gjer haustmørket leveleg. Jula handlar ikkje om gåver, eller om å vaske huset, jula handlar om å kose seg, saman med familie og vener, å ikkje ha så mykje på programmet, sitte framføre peisen med ei god bok, ha tid til å gjere ingenting. Eg gleder meg til jul!