mandag 21. mars 2016

Verdens poesidag


Å arkivere…

 

Opp ei trapp

inst inni gangen

står eit arkivskap

med to skuffer i

 

ei skuff -

for bitre minner

for sorg og anger

 

den andre -

for dei gode stundene

for lykke og glede

 

Å, min Gud

gjer den gode skuffa djup

og fyll ho til randen

- og lær meg å tømme den andre
 
 
 
ALW 2007