søndag 19. oktober 2014

Huset, heimen


 
Eit bilete av min barndomsheim. Sånn såg det ut då eg kom til verda, eg er mest sannsynleg unnfanga i dette huset. I dag er berre tre av husa på bilete att, og vårt er eit av dei. Skogen, jordene, hesjene er borte. Skogen min, eg minnst den gongen eg fann eit lager med tomflasker der inne. Dei vaksne flira, dei visste nok kven som hadde gøymd dei der.
Du finn spor etter meg i huset, på trappestolpen til dømes. Eg lika å leike i trappa, gelenderet var ein hest, som eg kunne ri på. Men eg veit ikkje kvifor eg ein dag fann det for godt å ta med meg ein stifthammar og slå hesten min i hovudet … Trappa var fin, der kunne dokkene mine bo på kvart sitt trinn, som i ei blokk. Ei jul hadde mamma og pappa laga dokkehus til meg, med møblar i, som dei og hadde laga, eg har det enno. Men når eg leika med større dokker, så var framleis trappa best. På veggen mot kjøkkenet hadde ein nattsvermar festa seg i malinga før den tørka, det vart eit slikt fint bilete, sjølv om det sjølvsagt gjekk ille med nattsvermaren (veit ikkje om det gjekk inn på meg i det heile tatt, når sant skal seiast). Eg likte å sitte i vindauget i trappa, veit ikkje kva eg såg, eg berre likte å sitje der.

Bak huset sto eit skøt, der var doen, vi hadde utedo, med plass til to! Den var koseleg, langt betre enn innedoen under kjellartrappa, den var ekkel, så det var i grunnen heilt greitt at den doen sjeldan kunne brukast. Nokre vil kanskje synast at det er underleg at eg var for mørkeredd til å gå ned trappa til kjellaren, medan det å gå ut i kveldsmørkret til ein utedo var langt mindre skremmande. Kanskje fordi det var plass til to ute? Nokon kunne kome og halde meg med selskap medan eg satt der, det var fint. På murveggen i kjellaren var det eit fjes, ein ekkel mann i veggen, eg likte ikkje folk som budde i veggen. Eg likte ikkje auga hans, same som med ho dama på hårsprayboksen til mamma, eg skrapa alltid bort auga hennar, for det nytta jo ikkje kva veg eg snudde boksen, ho såg på meg uansett. Vi hadde sjølvsagt heller ikkje bad, men kvar laurdag sette vi inn ei balje på kjøkkenet, då fekk vi bade, syster mi og eg. Pappa dusja på Rana Mek, der han arbeidde, men mamma bada i balja ho og.

I hagen hadde vi eit stort potetland, og litt grønsaker, rabarbra, rips og solbær. Potetlandet tok halve hagen vår, såpass måtte det vere. I matkjelleren hadde vi potetbinger. Eg hugsar då klatretreet vårt bak skøtet vart hogd ned for å gjere plass til veg på andre sida av huset, den dagen var det sorg blant ungane i gata. Klatretreet var stort nok til oss alle samstundes. Sidan kom det nye hus på andre sia av nyvegen, med nye ungar, då vart det bra.

Seinare vart huset vårt bygd ut, og vi fekk bad og do, det var rein luksus. Omtrent samstundes fekk vi ein liten bror. Han er ikkje liten lengre, og huset er ikkje lengre vårt, nye folk skal flytte inn der. Eg håpar dei får mykje glede av det, det har vore eit godt hus, eit trygt hus, vår heim.

fredag 10. oktober 2014

som ei elv


Som ei elv
tok du båten
og førte av stad

og aldri frykta eg
elvas viltre leik
med meg