torsdag 28. februar 2008

Prismet

Det var ein gong ei prismelysekrone, som hang i taket i den fine spisestua. Når lyset vart sett på, strålte ho ut i rommet som av tusen glitrande stjerner. ”For ei vakker prismelysekrone” sa folk når dei såg ho. Og prisma fekk frysningar av stoltheit der dei hang, difor rista dei litt, slik at lyset dirra.

Når ein heng der, år etter år, så blir ein diverre etter kvart dekka av støv, og lyset blir meir matt i glansen. Men kvart år til jul henta den søte stuepiken ei lita trapp og klatra opp til prismelysekrona for å børste støv av ho. Dei orda stuepiken då sa var ikkje så søte, men det spelte ingen rolle, for når støvet var fjerna kunne lysekrona stråle atter ein gong.

Men prismelysekroner blir og gamle, om ikkje sjølve prisma, så den metallstrengen som held dei oppe. Den rusta, og då stuepiken, som no ikkje lenger var så ung og søt og lett til beins, kom bort i dei medan ho børsta støv, så var det ein og anna prisme som ramla ned. Stuepiken var ein nyttig dame, så ho tok vare på dei som ikkje vart knust i fallet, og tenkte som så at det kunne komme til nytte dersom lysekrona skulle reparerast ein vakker dag. Fleire prisme falt av, nokre vart lagt her og nokre der, nokre av prisma vart knust i fallet, og slik gjekk det til at eit av prisma hamna i søppelbøtta.

Prismet kom på ei lang ferd, for søppelbøtta vart kasta i den store søppelboksen, saman med allslags rusk og rask. Og innhaldet i søppelboksen hamna etter kvart om bord på ein diger søppellekter som gjekk ut til den store søppelplassen på ei øy som låg eit lite stykke utanfor byen. Der låg prismet og skein, av ein eller anna grunn hadde han unngått å bli knust på tross av den harde medfarten han hadde fått. Men om nokon såg han, så brydde dei seg ikkje, det var ingen som tok han med seg. Og etter kvart vart han dynga ned av alt det som menneska kvitta seg med, og sank lenger og lenger ned under eit fjell av søppel. Han rekna nok ikkje med at han nokon gong skulle få sjå dagens lys igjen, så stort var søppelfjellet.

Det gjekk mange år, folka som budde på øya såg seg leie av at folka frå byen skulle sende alt dei ikkje lenger ville ha, ut til den vakre øya deira. Til slutt vart den gamle søppelplassen fjerna, det vart rydda opp. Naturen fekk tilbake området, det vaks fram nye trær, og plantar og blomster på bakken. Den gamle søppeldynga vart eit vakkert område for både menneske og dyr. Nokon gonger kunne merkelege ting dukke opp i sanden, og ein dag dukka prismet fram. Han låg og koste seg i solskinet, og let sollyset glitre mot seg. ”Huff, eit stykke knust glas”, var det nokon som sa, og så vart prismet plukka opp. ”Nei, sjå det er eit prisme, den kjem kanskje frå ei lysekrone”, sa stemmen. Og prismet vart tatt med heim, vaska og hengt opp.

Og no, når den låge vintersola kjem tilbake i januar, og skin forsiktig inn gjennom vindauget, så skin den fyrst gjennom prismet som henger der, og skapar vakre regnbogefarga lyspunkt i heile stua! ”Sjå alle dei fine fargane, som i ein regnboge”, ropar dei, både vaksne og barna. Og som sola går sin gang over himmelen flytter regnbogepunktane gjennom rommet, medan prismet dirrar av glede. Dette eine prismet som ein gong var ein del av ei stor lysekrone, og som gir så mykje glede i sitt nye liv. La oss håpe at dei andre prisma kan skape like mykje glede der dei hamna…

lørdag 23. februar 2008

Send blomster til Afganistan


"Vi er tilhengere av Ytringsfriheten, men vi er også tilhengere av alminnelig folkeskikk. Vi mener at for å være i stand til å regulere punkt 1 er man samtidig forholde seg til folkeskikken." skriver Ingeborg, og jeg vil bare med dette gi min støtte. Klart at vi skal ha ytringsfrihet, men det er lov til å bruke sunn fornuft!

onsdag 13. februar 2008

Eventyrfjella her nord…


Fjella langsetter kysten av Helgeland har vore utgangspunkt for mange segn. Ei segn fortel om korleis den forsmådde friaren Hestmannen skaut ei pil etter den flyktande Lekamøya, og om korleis Skarvåggubben kasta hatten sin i mellom for å berge henne. Då sola rann vart dei til stein, og vi ser dei der den dag i dag, Hestmannen på sin stolte gangar, og Torghatten med holet gjennom. Det hadde nok som hensikt å lære folk om skipsleia langs Helgelandskysten.

Og segna er elska av barn i alle alder, og segna avlar ny fantasi, trur eg, for alle øyene utanfor her er ”noko” eller ”nokon”. Ved sida av Hestmannen ligg Rødøyløva, eit syn med nysnø på. Han kneisar så stolt på hovudet, det er ekstra rødt og vakkert når snøen legg seg på ryggen. Langt ute i havgapet ligg Træna, med Trænstaven, mang ein malar har latt seg freiste til å male den. Til dømes Karl Erik Harr "Trænfjorden" som eg har lagt inn her...


Utanfor her kor vi bor ligg Lovund, det er ei øy som ser ut som ein kvilande elefant. Ser du godt etter ser du til og med øyret hans. Og litt nærmare, Dønnamannen, han ligg berre og søv med nasen opp i veret og ser ut som Fader Tid, som søv til tidas ende…