onsdag 13. februar 2008

Eventyrfjella her nord…


Fjella langsetter kysten av Helgeland har vore utgangspunkt for mange segn. Ei segn fortel om korleis den forsmådde friaren Hestmannen skaut ei pil etter den flyktande Lekamøya, og om korleis Skarvåggubben kasta hatten sin i mellom for å berge henne. Då sola rann vart dei til stein, og vi ser dei der den dag i dag, Hestmannen på sin stolte gangar, og Torghatten med holet gjennom. Det hadde nok som hensikt å lære folk om skipsleia langs Helgelandskysten.

Og segna er elska av barn i alle alder, og segna avlar ny fantasi, trur eg, for alle øyene utanfor her er ”noko” eller ”nokon”. Ved sida av Hestmannen ligg Rødøyløva, eit syn med nysnø på. Han kneisar så stolt på hovudet, det er ekstra rødt og vakkert når snøen legg seg på ryggen. Langt ute i havgapet ligg Træna, med Trænstaven, mang ein malar har latt seg freiste til å male den. Til dømes Karl Erik Harr "Trænfjorden" som eg har lagt inn her...


Utanfor her kor vi bor ligg Lovund, det er ei øy som ser ut som ein kvilande elefant. Ser du godt etter ser du til og med øyret hans. Og litt nærmare, Dønnamannen, han ligg berre og søv med nasen opp i veret og ser ut som Fader Tid, som søv til tidas ende…

1 kommentar:

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.