søndag 4. november 2007

Det er haust no...

Det er haust ute. Ikkje den vakre hausten med varme fargar og gode avlingar. Nei, den mørke, kalde, våte hausten. Det bles og det regn, det regn og det bles, snøen legg seg, lengre og lengre ned i fjellsidene. Allehelgensdag kjem som eit lite lyspunkt i denne mørke tida, vi tenner lys i alle vindauge og gleder oss med ungar som endeleg har ei unnskyldning for å gå ut i regnet. For vi veit – dette er berre byrjinga, snart blir det enno mørkare, snart forsvinn sola, ho er ikkje eingong bak skyene!

Men så kjem 22. desember. Mannen min står opp og kikkar ut av vindauge, og seier med håp i stemma;
- I dag – i dag snur sola, no går vi mot lysare tider!
Og vi feirar jul, med lys i alle vindauge, og om det er sola som snur vi feirar, eller Jesu fødsel, det speler ikkje nokon rolle, vi venter på noko godt no, vi har fått håpet attende!

I januar byrjar ventetida. Sola kjem att 14. januar her for oss. Og alle følgjer vi med i veret i desse dagane, vil vi få sjå sola allereie den 14.? Då eg var barn fekk vi fri frå skola klokka 11, solfri, den dagen sola viste seg fram fyrste gongen over nyåret. Då skulle vi ut og nyte den. I dag gler eg meg med ungane i barnehagen som pyntar med papirsoler i vindauga, dei øver på solsonger, dei planlegger solfesten, med solboller og solsaft, og dei snakkar som sola.
- SOLA – den er oppå himmelen i lag me rægnbuen. Den e varm, men vind den e kald, fortel Sebastian på fire.

Men det er lenge til enno – no er det haust, svart trøystelaus haust. Og no – rett no, kjennast det ut som om sola aldri meir skal kome attende...

1 kommentar:

Doriz Jeltzin sa...

Du skriver så vakkert mamman min!