lørdag 1. desember 2007

Adventstid


Her sitt eg, det er den fyrste desember, julemånaden er begynt, og eg har tent eit lys. Ein ting kan eg seie om meg sjølv, eg likar adventstida og eg likar jula. Eg har ei barnleg sjel i ein vaksen kropp, eg elskar eventyr om nissar og nøkkar, troll og alvar. Spør du om eg trur på dei, veit eg knapt kva eg skal svare… Eg har hengt opp adventsstjerna, og funne fram dei lilla dukane mine. Julegardinane på kjøkenet er hengt opp. Eg finn fram ein julekalender, i fjor tok vi Dickens ”Julefortelling”, i år tar vi Gaarders ”Julemysteriet”. Eg likar å lage juledekorasjonar, eg likar å sitte inne med tente lys og sjå på mørket ute, eg likar å skrive julebrev, og eg skriv mange, kvar og ein av mine vener land og strand rundt, får sitt brev, ikkje noko kopiering her i garden. Og eg gler meg til å få livstegn frå nord og sør. Eg gler meg til den dagen eg skal finne fram dei gamle juledekorasjonane mine, dei har alle ei forteljing, det er dei små englane eg kjøpte i York Minster, den handmala trekula eg kjøpte i Rovaniemi, det er jetflyet som Vegard limte saman som tiåring og hengte opp i treet, det er makaronienglane og glansbilda med Ole Brum som Ingeborg har laga, det er ei merkeleg vakker ullkule som Sebastian har laga, leprechaun frå Irland, eit julebilete eg fekk frå Synnøve og mange andre forteljingar ...

Gledeleg adventstid til alle!

1 kommentar:

Doriz Jeltzin sa...

Så har vi den fine orienteringsposten din da for ikke å snakke om. Ellers må jeg innrømme at noen av julelenkene sikkert ikke hadde hatt så vondt av å bli byttet ut ;)

Takk for en fin førjul, jeg vet ikke hva jeg skal gjøre nå uten Gaarder. Eller jeg blir vel mest sansynlig å ta meg en tur innom Tromsø folkebibliotek på fredagen mens jeg varmer opp huset.

"Til Betlehem" Til Betlehem!"