fredag 14. desember 2007

From Vilnius with love....


Eg kom frå Vilnius på tirsdag, eg har vore der nokre dagar. Ein flott by, med ei sterk historie. Det er rart med historie, vi kjenner historia til England, renesansen, borgerkrigen i USA, den franske revolusjonen. Men kva veit vi om det som skjedde i Vilnius i 1991? Har de høyrt om den syngande revolusjone? Om korleis folk frå heile Lithuania kom med bussar til Vilnius og sto der samen mot dei russiske tanksane. Tretten menneskje vart drept. I 1905 vart Noreg fri frå unionen med Sverige, men eg trur det skjedde på ein meir fredelig måte. Og det var vel ingen i Noreg, verken i unionen med Sverige eller med Danmark dei 400 åra før som ikkje fekk gå i kirkene eller snakke bruke sitt eige språk, vi vart ikkje sendt til Sibir...

Kyrkjene i Vilnius vart brukt til mykje, lager, stallar, eller museum. No er dei i bruk att, til det dei var meint til. Dei restaurerast, men ein ser spora etter det som var. I ei kyrkje som vart brukt til stall i Sovjettida, kunne eg sjå fantastiske veggmaleri som er øydelagt, eller statuar.


Omgrepet fridom får ei ny tyding for meg. Kva er fridom for meg, å velgje fritt, økonomisk fridom, å kunne dra kor eg vil, når eg vil? Men eg har jo aldri vore ufri, det veit eg no.


Men eg såg og ein fantastisk flott by, med fine julegatar, og glade menneskje som handlar julegåver og gleder seg til jul! Juletreet der var noko annleis enn det eg er vant med her heime. Dei byggjer det opp av grøne greiner, det fine er jo at dei ikkje treng å "drepe" eit tre kvart år på den måten!

1 kommentar:

Doriz Jeltzin sa...

Jeg tror den grusomme dansketiden er sterkt overdrevet.