fredag 18. januar 2008

SOLA!!!

I dag såg eg litt av sola! Ho skein på kyrkja, det var mest magisk. Himmelkvelven er blå med nokre fine skydottar, dei er ikkje kvite eller grå, dei er lysande raude, fordi sola skin på dei. No skal eg heim og bake gule runde solbollar og vi skal drikke gul saft! For sola er her att, ho som gjev håp om ein ny vår, nytt liv, nytt håp!

1 kommentar:

Doriz Jeltzin sa...

Jeg har ikke sett noen sol i dag. Men jeg er glad for det og drikker mørkegul "saft".