onsdag 16. januar 2008

Solkake utan sol???

I dag er den dagen vi her på Nesna kanskje kunne ha fått sett ein liten bit av solskiva, i alle fall i frå vindauget i andre etasje, om veret hadde vore med oss. Det var det jo sjølvsagt ikkje. I dag serverte dei solkake i kantina, endå det regna ute og vi ikkje såg snurten av sola. Men kanskje nokon tenkte at vi trengte å trøystas? Sidan vi ikkje fekk sjå sola i dag, meiner eg...

Sol sol kom igjen
sola er min beste venn
bort med skyen
paraplyen
hold no opp å regne...

2 kommentarer:

Doriz Jeltzin sa...

Det er bedre med kake enn ingen kake da.

alw sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.